Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

fredag 3. april 2009

Ф Kairo-spesial: Portar i Midtausten

Den eine halvparten av Foreininga Portvin bur for tida i Egypt, nærare bestemt i hovudstaden - Kairo! Kairo er nokså mykje større enn Bergen både i folketal og areal, og med 20 millionar innbyggjarar er det kanskje ikkje så rart at det er mange portar her òg. Faktisk er det alt for mange portar. Det er slik at ein portentusiast kan verte reint tussete av alle inntrykka. I dette blogginnlegget har ein difor vald å konsentrere seg om portar i umiddelbar nærleik til heimen, i Ismail Ramzy-gata i bydelen Heliopolis.

Her poserer Ane framføre ein arabisk skuleport. Ingen portvin i handa, riktignok, og ingen druejuice heller... Offentleg inntak av drykk, anten han inneheld alkohol eller berre ser ut som han kan innehalde alkohol, er nok ikkje noko ein bør forsøke seg på i Egypt. I alle fall ikkje på ein fredag føremiddag, medan bønneropa gjallar ifrå alle kantar av byen. Her er ein liten port ved sidan av vårt lokale apotek:

Og her er ein grøn port omkransa av arabisk tagging (det står Allahu Akbar, ja), samt bogainvilla (jf. tidlegare innlegg, "Syden-spesial"):


Midtausten byr altså ikkje berre på olje og konfliktar og tull. Her er portar òg!

torsdag 22. januar 2009

● Tilstandsrapport: Bergen

Ein port observert og fotografert på veg ned frå universitetet:

Så høg at Ida ikkje greidde å få med heile utan trø ned frå fortauet. Og ein risikerer ikkje livet heller, må vite. (Jaudå, me har vore ute på trafikkert veg før.) Om ein ser vekk frå dagsljoset nedanfor: Ein port Edgar Allan Poe heilt sikkert kunne ha skrive langt og fælt om.

Alt på stell: Rusten port, eføy, og ei helst ubrukt trapp. Merknad: Asfalten er ikkje våt! Kven skulle tru?

mandag 29. desember 2008

● Alle gode ønskje!

Foreininga Portvin vil ønskje all ei riktig god jol og alt godt for det nye året! Halve foreininga flyttar til Kairo i januar, men ein skal ikkje sjå bort ifrå at denne bloggen vert oppdatert med både bergenske og egyptiske portar i året som kjem! Me vonar at 2009 vert rikt på alle vis!

onsdag 17. desember 2008

≡ 8. mars: Synfaring til Årstad

Seint, men godt! Her er endeleg bileta frå sist portvinsferd, som gjekk til områda ovanføre Danmarksplass, på sjølvaste kvinnedagen:

Ane gjer ein litt keisam treport meir spanande ved å skape rørsle i biletet.

Ida framføre ein port av det ekle slaget. Me er ikkje sikre på kva det grøne på grunnmuren er, men det hjelper ikkje på inngangspartiet si framtoning...

Denne porten derimot! Pluss for at porteigaren kjeldesorterer papir!

Dans med paraply framføre ein spanande port! Her er både tre og mur representert! Me likar det!

Ida dramatiserer porten sitt estetiske uttrykk. Det vi seie, blomane oppå porten sitt estetiske uttrykk.

Nok ein staseleg port! Legg merke til at stolpane er like dei til porten i bilete nummer 4!

Merksemda vert her retta mot vrengt paraply, og den fra før litt trauste porten kjem utanføre fokus. Bergen by på sitt beste, dette!

onsdag 10. desember 2008

● Jolabakst

Jolakakene skal snart i boksen. Men kva er det me ser baki ljoset?

Ein peparkakeport! Hesten står utanføre og tenkjer noko stygt.

søndag 30. november 2008

Ф London-spesial: Ein kjempeport!

Frå bidragsytarar med økonomi til å ferda utanlands midt i galnaste finanskriso har me fengje denne porten tilsendt. Den er londonsk, og truleg like dyr som den ser ut, då det kjem fram av biletet at det ikkje vart så mykje midlar til overs til å laga gjerde. Ein kan jo spørja seg om det er vits i å ha så omfangsrik port når gjerdet kan byksast over utan å ta fart. Me meiner ja!

fredag 28. november 2008

Ф Buss-spesial: Portar i fart

I travle tider (eller haustar, om ei slik fleirtalsform er råd) er det gildt med kjendfolk utstyrte med mobilkamera og engasjement for portane sitt ve og vel. Her er nokre bilete frå ei bussferd, som - skal ein døma etter omgjevnadane, og det kan jo vera eit fruktbart utgangspunkt - truleg gjekk til eller frå lærarhøgskulen på Landås, evt. berre til Haukeland. Bileta er ikkje strengt kronologisk attgjeve i innlegget, men skulle likevel vera i greitt samsvar med Tide sine kreativitetar i samband med bybaneutbyggjinga.

Ein ful, stor og open port med uleseleg* informasjon på Årstad. (*Frå bussen.)

Ein noko eldre og særs fotogen port, sjølv i fart. Merk det påfallande gode samspelet mellom port, busk og brannhydrant. Samt det trasige gjerdet som får den velbrukte porten til å stråla av ny ungdom. Her er ingenting tilfeldig!

Endå ein av Årstad sine mindre estetiske portar. Her i klassisk idrottsplassutforming, den puslete halvbroren til fengselsportane.

Litt port, litt fotograf, og er det enden på gjerdet frå bilete 2 me ser? Her framhevar porten seg ved hjelp av det senka fortauet framføre, samt det meir eller mindre tilfeldige fargebytet frå grøn (gjerdet) til rustbrun (porten).

Ein helst fornem port i liding bak eit merksemdstelande betonggjerde.

Bonus: Ein aldeles overveldande mangel på port. Ein beint fram ubrukeleg uteplass med mykje potensiale, om ein fyrst kjem seg inn.

torsdag 16. oktober 2008

Ф Oslo-spesial: Lite hyggjeleg port

Takk til vår bidragsytar i hovudstaden, som har sendt oss ein særs aktuell SMIJARNSPORT som ser ut til å stengja for ein attraktiv snarveg. Det var jo ikkje så hyggjeleg då.

tirsdag 14. oktober 2008

● BT melder!

Nett her om dagen fekk eg siste oppdatering i porttjuverisaka tilsendt frå ein Bergens Tidende-lesande bidragsytar frå Voss. Her er oppdateringa, frå torsdag i førre veke, i nynorsk språkdrakt:

Populære portar: Nok ein smijarnsport er stjelt. Denne gongen frå Sætervegen på Skjold. - Tjuveriet har skjedd natt til fredag, men me har ikkje fått etterforska det endå, seier politioverbetjent Helge Laastad ved Fana politistasjon. Politiet har førebels ingen mistenkte. Den siste tida har det vore eit aukande problem med tjuveri av hageportar, av typen smijarn. Førre veke vart tre smijarnsportar frå Dragefjellstrappa stjelt, medan det i september forsvann tre portar frå Parkvegen.

Kjelde: Bergens Tidende

Biletet: Neste offer? Gamleporten til Bergens Tidende. Fleire artiklar:

http://www.ba.no/nyheter/article3819770.ece http://www.aasavis.no/innenriks/article3820207.ece

...eg spekulerer framleis i kva motivet til tjuvane kan vera. Her er nokre teser:

http://www.finn.no/finn/bap/all/result?keyword=smijernsport

tirsdag 7. oktober 2008

● Portnytt!

Bergens Tidende melder i dag at politiet har funne tre smijarnsportar som vart stjelt i mars/fjor (her er ikkje avisa heilt stø). Godt å vita at oppegåande politi fylgjer opp slike saker - for i Bergen vert folk fråstjelt portane sine rett som det er, les berre:

(Det fylgjande, i utheva skrift, er direkte sitert frå artikkelen i BT, berre kledd i provisorisk nynorsk språkdrakt)

- På ettersommaren forsvann halvparten av den fine, gamle smijarnsporten frå Musikkpaviljongen i Byparken.
- I september fordufta tre 100 år gamle smijarnshageportar frå Parkvegen.
- Frå Salhus vert det rapportert om to store smijarnsportar som er sakna frå kyrkjegarden - berre søyler og beslag står att.

Avisa spør seg kva det neste vert, men meiner samstundes at det er ljos i smijarnsmyrkret etter at politiet vart tipsa om tre smijarnsportar som einkvan hadde slengt frå seg i naturen ved Svartediket. (Enno ei utfordring for naturen ikring Svartediket der altså. Denne naturen har jo tidlegare hatt mykje bal med frittgåande smale.) Skal tru kva desse portane har vorte utsette for i tida mellom tjuveriet og slengjinga i naturen. Kva i alle dagar var motivet for ei slik ugjerning!? Har ein slumpa til å ta med seg tre smijarnsportar heim frå by'n ein tidleg morgon sit ein truleg ikkje med ei trong til å ruga på dei i månadsvis før ein dreg dei med seg ut i skogen. (Der ein slengjer dei, smijarnsportane!) Og er det ei aldeles medviten handling ("Nå skal eg jaggu ta med meg en to-tre portar eg kan leggje ut i skogen til hausten") så manglar eg ord. Ei uskilderleg handling, for å nytta eit sjølvlaga omgrep.

Eg lyt sjølvsagt ta høgd for at portane har vore i skogen sidan dei vart stjelt, det er ikkje snakk om lange turen frå Kalvedalsvegen til Svartediket. men motivet for handlinga er eg framleis særs nyfiken på. Eg skulle gjerne ha lagt inn ei lenkje til artikkelen, men fann den ikkje på nettavisa, så de får klara dykk med nokre bilete. Merk bilannonsa under - her har me iallefall identifisert bilen som vart nytta i samband med brotsverket!

Portane vart truleg frakta til skogs med ein Peugeot:

tirsdag 19. august 2008

● Innedrikking av portvin!

I ein ljos morgontime i august kjende Ida seg endeleg morsosam nok til å blogga nokre bilete frå den myrke og helst fuktige bergensvinteren, nærare bestemt frå den 3. februar, då me spanderte på oss portvin på Café Spesial.

Klokka er omlag åtte om kvelden. Ane gler seg!

Ida gler seg òg. Med noko lengre hår enn i føregåande innlegg. Utruleg!   

Omsider kom vinen, og me smakar. Høyrd frå kjøkenet: "Det e' nåkken så vil ha portvin her. Har vi det?" "Viss vi ikkje har det må vi bestille." "Okei..." - Ikkje det det går mest av altså! Eller kanskje det går så mykje at dei stadig er utselde, og så var han servitøren vår ny på staden? Elles spanande at dei kunne bestilla så seint på kveld. Dei var vel ein tur over gata til Legal...

Vinen poserer sjølv, del I. Frekt og fint og nesten i eitt med bergensvinteren. 

Portvin som dessertvin. Ane som noko skjeløygd hinduistisk gudinne med fleire armar enn strengt teke naudsynt. (Tusen takk til Helene for linselus-effekt med perfekt timing og klesmatch.)

Portvin som snacks-vin.

Dei 3 P-ane: Potetgull, portvin og posering.

Vinen poserer sjølv, del II. Her har vinen medvite plassert seg framføre lykta for å framheva fargespel og naturleg sjarm.

Eit mest heilt seriøst bilete!

søndag 17. februar 2008

≡ 12. februar: Synfaring i Kalfaret

Det er atter duka for portvinsferd, denne gong til heller ukjende trakter (noko som jau òg er føremålet) i og omkring parken som ber byen sitt eklaste namn - "Forskjønnelsen".

Og det bêr i veg og i tovegskøyrd gate. Tjohei, eit uvanleg syn i Bergen!

Optimistisk stemning i fyrste port.

Ripssaft i retur framføre ein port av det keisame slaget.

Porten var open. Ane lukkar.

Ripssaft framføre fager port...

...vart ripssaft i retur II.

Kjip port fanga med twilightfunksjon. Festlegare bil i bakgrunnen.

Byporten med stor B. Sjå elles tidlegare innlegg for å samanlikne med den andre byporten, den med liten B. (Nordnesferda!)

Quasimodo på portstolpe. Han likar ripssaft.

Og plutseli' b'ynte nissa å kildesorteræ!! Gollis* likar ripssaft.

*For å forstå denne internvitsen må du truleg ha sett den digre plastnissen Gollis i programmet "Norsk attraksjon" på NRK. På TV byrja nissen å "pendlæ".

"Josefin litar inte på honom längre. Gong på gong har han låtit henne vänta i porten. Med endast ett litet glas saft till sälskap. Och aldri kommer han någonsin. Men i dag tänker han komma. Och han tänker mörda henne!"

"Sen kom hon till himmelporten. Men sitt avfall fick hon lämna kvar i återvinningscontainern i Vintergatan."

"Hon tittade ut över sitt nya hemstelle. Särskild tyckte hon om porten."

JEJ! Fram dansar ein haugkall, fager og blå!

Dramatisering av porten sitt kvadratiske uttrykk.

"Det stod et lite barn i et portrom, - en liten blåfrossen gutt ... Han så på et par bikkjer, som sloss midt ute i gaten, så det sure, rimfrosne støv røk om dem." (Frå "Jenny" av Sigrid Undset.)

Den blåfrosne guten er no jaga vekk av den ukjende dottera til Agatha Christie. "I denne porten var det mor mi forfatta sitt fyrste drap," fortel ho.

Nr. 12 slit med utelampene, men portrommet var fint.

Eit omfangsrikt inngangsparti. Alt for mange inntrykk her. Uskilderleg!