Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

tirsdag 19. august 2008

● Innedrikking av portvin!

I ein ljos morgontime i august kjende Ida seg endeleg morsosam nok til å blogga nokre bilete frå den myrke og helst fuktige bergensvinteren, nærare bestemt frå den 3. februar, då me spanderte på oss portvin på Café Spesial.

Klokka er omlag åtte om kvelden. Ane gler seg!

Ida gler seg òg. Med noko lengre hår enn i føregåande innlegg. Utruleg!   

Omsider kom vinen, og me smakar. Høyrd frå kjøkenet: "Det e' nåkken så vil ha portvin her. Har vi det?" "Viss vi ikkje har det må vi bestille." "Okei..." - Ikkje det det går mest av altså! Eller kanskje det går så mykje at dei stadig er utselde, og så var han servitøren vår ny på staden? Elles spanande at dei kunne bestilla så seint på kveld. Dei var vel ein tur over gata til Legal...

Vinen poserer sjølv, del I. Frekt og fint og nesten i eitt med bergensvinteren. 

Portvin som dessertvin. Ane som noko skjeløygd hinduistisk gudinne med fleire armar enn strengt teke naudsynt. (Tusen takk til Helene for linselus-effekt med perfekt timing og klesmatch.)

Portvin som snacks-vin.

Dei 3 P-ane: Potetgull, portvin og posering.

Vinen poserer sjølv, del II. Her har vinen medvite plassert seg framføre lykta for å framheva fargespel og naturleg sjarm.

Eit mest heilt seriøst bilete!

2 kommentarer:

Ida/Ane sa...

hei anonyme mor! her er ei oppdatering til deg! meir i vente. har bl.a fått bilete frå ymse korrespondentar utanbys.

Anonym sa...

Haha, dette er so evig morosamt. :D Eg ler høgt so Helene lurer på kva som er so morosamt.