Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

lørdag 29. september 2007

● Blinkskot i september

Vakker port, vakre trær, vakker Ida, vakkert haustvêr - vakkert bilete!

◊ Aparte: Frå nabolaget

Ein stol? Oppå ein bil? Du store allpakka.

På aksel gevær! På aksel portvin!

Portvin smakar godt. Også i handlevagner.

Noko i sikte?

Me kom over ei slags dokke i eit hol. Æsj!

Berre vindauget?? Pussar dei opp? Eller pussar dei vindauge?

≡ 29. september: Nygårdshøyden!

HURRA! Fotoapparatet var endeleg tilbake frå Ungarn, og no skulle det pinadø portvinast! Me tok rett og slett turen rundt nabolaget vårt på Nygårdshøyden i Bergen, og fann mange flotte portar.

Ei særs triveleg dobbeltportoppleving!

Den feministiske porten inn til "Senter for kvinne- og kjønnsforskning". Me ser fram til å kunna presentera machoporten framføre "Senter for manns- og kjønnslausforskning" i eit framtidig innlegg.

Ane får jamvel prøve seg som modell i dobbelporten. Kunne vore noko for motespalta i fredagsutgåva av Dagbladet!

Kløverport, Ida med portvin og portvinsskjørt!

Flott port, heslig bakgrunn. Men me veit kvar me skal ringja for å klaga!

Kvifor vakta slik om restavfallet? Me vil ha papir- og plast-attvinning!

Deilig i runding-porten.

Ein særs liten port og ei særs bratt trapp.

Dagens første port: I bakgrunnen skimtast ei spanande trapp!

Ida er ein S i s-porten. ("BiR*, BiR, eg vil sortera papir!")
*Bergen Interkommunale Renholdsverk.

Kjempeport! Ikkje la motoren stå på er du snill!

Bergen Rock City!

Yoyoyo, ja de' e' mitt liv, mine tankar, livet mitt e' blitt et ankar, vankar i smerte i Bergen by!

Dans i ei grind! Ida oppfyller barndomsdraumar.
 
Nygårdsparken: Overgangen frå alminneleg vin til portvin kan for uheldige sjeler vera fyrste steget inn i dei myrkare krokar av denne byparken. Den uventa store og akk så vanedannande mengda av sukker i portvinen er snart ikkje nok, og vegen går via likør og sherry til tyngre stoff. Ulovleg importert druesukker, kandis og melis vert i dette miljøet omsett for summar opp mot tusenlappen per gram.

Kardemommeby-dramatisering framføre Kardemommeby-huset. Porten er smal og keisam, medan me er frekke og freidige!

torsdag 20. september 2007

Ф Christiania-spesial: Port med dør

Frå ein bidragsytar i sjølvaste hovudstaden fekk me dette biletet, samt kommentaren: "Ein port med dør i porten! Kva gjev du meg?". Me gjev: Ikkje mindre enn eit eige innlegg i bloggen samt tittelen/stillinga "portambassadør på deltid i tigerstaden". Arbeidstid - og - mengd aldeles etter eige ynskje og personleg kreativ trong!