HURRA! Fotoapparatet var endeleg tilbake frå Ungarn, og no skulle det pinadø portvinast! Me tok rett og slett turen rundt nabolaget vårt på Nygårdshøyden i Bergen, og fann mange flotte portar.

Ei særs triveleg dobbeltportoppleving!

Den feministiske porten inn til "Senter for kvinne- og kjønnsforskning". Me ser fram til å kunna presentera machoporten framføre "Senter for manns- og kjønnslausforskning" i eit framtidig innlegg.

Ane får jamvel prøve seg som modell i dobbelporten. Kunne vore noko for motespalta i fredagsutgåva av Dagbladet!

Kløverport, Ida med portvin og portvinsskjørt!
Flott port, heslig bakgrunn. Men me veit kvar me skal ringja for å klaga!
Kvifor vakta slik om restavfallet? Me vil ha papir- og plast-attvinning!

Deilig i runding-porten.

Ein særs liten port og ei særs bratt trapp.

Dagens første port: I bakgrunnen skimtast ei spanande trapp!

Ida er ein S i s-porten. ("BiR*, BiR, eg vil sortera papir!")
*Bergen Interkommunale Renholdsverk.

Kjempeport! Ikkje la motoren stå på er du snill!

Bergen Rock City!
Yoyoyo, ja de' e' mitt liv, mine tankar, livet mitt e' blitt et ankar, vankar i smerte i Bergen by!
Dans i ei grind! Ida oppfyller barndomsdraumar.
Nygårdsparken: Overgangen frå alminneleg vin til portvin kan for uheldige sjeler vera fyrste steget inn i dei myrkare krokar av denne byparken. Den uventa store og akk så vanedannande mengda av sukker i portvinen er snart ikkje nok, og vegen går via likør og sherry til tyngre stoff. Ulovleg importert druesukker, kandis og melis vert i dette miljøet omsett for summar opp mot tusenlappen per gram.
Kardemommeby-dramatisering framføre Kardemommeby-huset. Porten er smal og keisam, medan me er frekke og freidige!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar