Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

lørdag 25. desember 2010

● Portar i Libanon og Syria

Frå ei førjulsreise i Midtausten har me desse bileta:

Ein rasande flott og staseleg trippelport i Beirut!

Frittståande port funnen utanføre Ummayade-moskeen i Damaskus.
 
 Godt nytt år, alle saman!

torsdag 9. desember 2010

Ф Russland-spesial: Port og aparte

Den eine halvdelen av Foreininga Portvin oppheld seg for tida i Russlands nest største by, St. Petersburg! Her bur det fem millionar menneske, så ein skulle tru at det var nok av portar. Den gong ei! I nabolaget mitt er det utelukkande gigantiske høgblokker, og lite bruk for inngjerding. Dei gongane eg har funne nokre portar andre stader i byen har eg ikkje hatt med meg kamera, og dei gongane eg har hatt med meg kamera har eg ikkje sett ein einaste port!

For nokre veker sidan kom eg til at eg ville nøye meg med å avfotografere den fine porten utanfor skulen der eg studerer russisk. Det er ein ganske staseleg skule, og ein særs vakker port. Eg hadde tenkt å ha på meg pelslue på biletet, og ville halde eit glas med vodka i staden for portvin. Diverre mista eg pelslua mi på metroen for nokre veker sidan. For ei veke sidan mista eg dessutan kameramannen min, då han vart lei og ikkje orka å gå på skulen meir. Samtlege av dei andre i klassen min er asiatar, og eg har ikkje fått meg til å spørje dei om dei kunne tenkje seg å ta bilete av meg foran porten. Dei forstår korkje engelsk eller russisk. I dag, då eg endeleg hadde bygd meg opp nok mot til å spørje ein tilfeldig forbipasserande om hjelp, var porten jaggu stengt av, fordi dei legg nye rør rett innforbi. Det skal jaggu ikkje vere enkelt!

Om to dagar forlet eg St. Petersburg for å reise til Midtausten, så eg har bestemt meg for å poste eit bilete eg tok av porten åleine for ei veke sidan. Det er litt keisamt med portar utan folk, så eg har manipulert meg sjølv inn i biletet ved hjelp av Paint! Kanskje de kan nytte fantasien og sjå for dykk at eg har både portvin og vodka i veska?

Eg vil også gjerne dele litt aparte med dykk. Nærmare bestemt jule-aparte! Nedanfor ser de eitt av dei mange juletrea som dei russiske styresmaktene har sett opp den siste tida! Det lysegule til høgre er forresten ein port som er så stor at det kanskje ikkje eigentleg er ein port.

Russarane er i grunn meir opptekne av nyttår enn av jul. Det er på nyttårsaftan dei gir kvarandre gåver, og dei har ikkje ferie før 31. desember heller. Dei har ingen julenisse, berre ein figur som liknar veldig. Han heiter Bestefar Frost og har lyseblå kappe. Han har eit barnebarn som hjelper han. Ho heiter Snegurotsjka. Her ser de bestefaren og eit reinsdyr i eit slags sjørøvarskip, saman med eit juletre som også er ei vindmølle:

Russarane er gode på juledekorasjonar! No veit eg i det minste kva alle skattepengane deira går til. Nedanfor ser de tent juletre og eit russisk flagg som vaiar i desembervinden!

På vegne av Foreininga Portvin vil eg ønskje våre lesarar ei riktig god jul og alt godt for det nye året! Eg vonar av heile hjartet mitt at 2011 vil by på minst ei ordentleg synfaring med båe medlemer, ekte portvin i glasa og ikkje minst - flust med portar. På attersyn!