Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

lørdag 9. november 2013

● Tour de Tor (Tor-tur utan tår)

Tjohei! Foreininga Portvin er i Berlin! I sentrum av den tyske hovudstaden er det ikkje så veldig mange tradisjonelle portar, men mange falske. Her har me to kategoriar; 1) falske portar, og 2) U-Bahn-stasjonar som heiter noko med "Tor" (som altså tyder "port" på tysk). Me hadde diverre ikkje portvin, så då vart det ein Tor-tur utan tår!

1. Falske (og nokre ekte!) portar:

Falsk port til sovjetisk krigsminnemonument.
Merk den snodige vinkelen på armen.
(Det gjorde ikke vondt, sjølv om det ser slik ut.)

Ein skikkeleg ekte ordentleg port. Eit mindre autentisk austerriksk hus attom.

Ein mest usynleg port. Ida er til gjengjeld nokså synleg i oransje bukser.

Denne smijarnsporten taper ikkje andlet!

2. Seks av hundreogsekstitre U-Bahn-stasjonar i Berlin heiter noko med "Tor" (port). Namna viser nok til gamle byportar som ikkje lenger finst! Her er fotoserien:

Schlesiches Tor: Melankolsk stemning

"Eg er ein portal" på Schlesisches Tor.

Noko meir oppstemd på Kottbusser Tor

Blå baderomsfliser og breitt glis på Frankfurter Tor.

Frankfurter Tor: Særs sovjetisk byggestil, men ikkje nokon skikkeleg port.

Kontrastfargar og lystig stemning på Hallesches Tor.

Oranienburger Tor: Sjå, kor stemninga stig!

Du og æ på Brandenburger Tor, som Ketil Stokkan ville ha sagt!

Æ og nån forvirra russera på Brandenburger Tor, som Ketil Stokkan kunne ha sagt.

Brandenburger Tor: Mykje oss, lite port. Elles ein typisk falsk port!

Brandenburger Tor: Mindre oss, meir port.

Brandenburger Tor: Akkurat rett mengde port og oss!

Nesten-Merkel-pose (med forvirra russarar i bakgrunnen).

Dagens aparte: Ein kjempe-rumpesprekk. Godt me allereie hadde ete.

Elles kan me melda at Ida har fått tak i ein handbeglittert adventskalender (utan sjokolade), og me har slått fast at tyskarar er noldusar på humorfronten. Me har sett verdas største rumpesprekk (sjå illustrasjon ovanfor), spelt inn musikkvideo og sutla øl og margaritas, som, når sant skal seiast, smakar mykje betre enn portvin. På neste synfaring vil me nok likevel freista å få tak i noko portvin. Kven veit kvar ferda går neste gong?

lørdag 19. januar 2013

≡ Synfaring til Fløen og Haukeland

Ein kald januardag er Foreininga Portvin (Ida og Ane ) brått attende, etter å ha planlagt ny portvinsferd i drygt to år. No var det jaggu på tide. For ein høgtidsdag! Stemninga var til å ta og kjenne på. Endeleg skulle me ut og sjå kva som har rørt seg i Bergen sitt port- og vinmiljø sidan sist! Hurra, hurra, hurra! Åh, kor har me vel lengta og gledd oss! Denne gongen gjekk ferda fyrst til Vinmonopolet på Bystasjonen, der me investerte i Fiin gammel portviin, ein drykk som til opplysing har stige heile 14 kroner i pris sidan me fyrst kjøpte slikt sutlevatn (i 2007). For det høgtidsstemde høvet hadde me også med oss ein i overkant ivrig korrekturlesar - i alle fall no i skrivande stund - som heiter Kristin. Medan ferda stod på var ho imedels* ein særs gåverik utøvar av dramatisering av mangslungne portar sitt estetiske uttrykk.

*Eigekomponert avløysarord til bokmålsordet "imidlertid".

Endeleg på portvinsferd att! For ein dag. Ved den
fyrste port me syna fekk, flagga dei for høvet. Merk
 at også hus og gjerde har kledd seg i flaggfargane.

Naboen har nek både framføre og bak grinda! Ho-ho.

Dei fiine gamle ved Høkeland. Fornemme folk!

Ein kort-port. Relativt lett å koma seg over.
Porten kompenserer for dette med alvorlege skilt.

Porten til Fløen parsellag var så traurig at me laut gapa oss litt
for å gjera biletet meir interessant.

Diskoporten! Minus for lamper, pluss for jazz hands.

Me torde berre toska oss nedst, av omsyn til dei daude.

Kristin dramatiserer porten sitt estetiske uttrykk.

"Eg er ein portal!"
Port med portal og dramatisering av portal.

Autentisk mann som røykjer i ein port.
Eller står han kanskje og mig?
Avleiingsmanøver kan skimtast i framgrunnen. 

Me struttar i ein beint fram romantisk port og låg vintersol.

Fin port, men stort minus for at lampa er påslegen midt på ljose dagen.
Ubjaodle!*

*Uttrykk frå bestefar frå Voss.
Me veit ikkje heilt kva han meinte med det, men det var negativt.

Port med middelhavsstemning.
Ane dramatiserer porten sitt økonomiske uttrykk.
(Ein pengalaus, tiggande grekar.)

Dagens portblinkskot!
Framifrå dramatisering av adjektiva "liten" og "stor",
som kan nyttast om portane like så vel som om dramatikarane.

Tjohei! Her har me gjerde over porten. Frekt!

Ida bak port og slå, på veg ned mot Danmarksplass.

To hus tett i tett. I midten har ein port kilt seg fast.

Kristin freistar å koma seg inn gjennom porten,
medan Ida har oppdaga eit hol i logikken.

Bro bro brille, og så vidare.
Og den som kjem aller sist, må lata att grinda nedst i vegen.

Sidan gjekk me heim og drakk portvin og åt kanelbollar. Og alle var samde om at det hadde vore ein fin tur.