Tjohei! Foreininga Portvin er i Berlin! I sentrum av den tyske hovudstaden er det ikkje så veldig mange tradisjonelle portar, men mange falske. Her har me to kategoriar; 1) falske portar, og 2) U-Bahn-stasjonar som heiter noko med "Tor" (som altså tyder "port" på tysk). Me hadde diverre ikkje portvin, så då vart det ein Tor-tur utan tår!
1. Falske (og nokre ekte!) portar:
 |
Falsk port til sovjetisk krigsminnemonument.
Merk den snodige vinkelen på armen.
(Det gjorde ikke vondt, sjølv om det ser slik ut.) |
 |
| Ein skikkeleg ekte ordentleg port. Eit mindre autentisk austerriksk hus attom. |
 |
| Ein mest usynleg port. Ida er til gjengjeld nokså synleg i oransje bukser. |
 |
| Denne smijarnsporten taper ikkje andlet! |
2. Seks av hundreogsekstitre U-Bahn-stasjonar i Berlin heiter noko med "Tor" (port). Namna viser nok til gamle byportar som ikkje lenger finst! Her er fotoserien:
 |
| Schlesiches Tor: Melankolsk stemning |
 |
| "Eg er ein portal" på Schlesisches Tor. |
 |
| Noko meir oppstemd på Kottbusser Tor |
 |
| Blå baderomsfliser og breitt glis på Frankfurter Tor. |
 |
| Frankfurter Tor: Særs sovjetisk byggestil, men ikkje nokon skikkeleg port. |
 |
| Kontrastfargar og lystig stemning på Hallesches Tor. |
 |
| Oranienburger Tor: Sjå, kor stemninga stig! |
 |
| Du og æ på Brandenburger Tor, som Ketil Stokkan ville ha sagt! |
 |
| Æ og nån forvirra russera på Brandenburger Tor, som Ketil Stokkan kunne ha sagt. |
 |
| Brandenburger Tor: Mykje oss, lite port. Elles ein typisk falsk port! |
 |
| Brandenburger Tor: Mindre oss, meir port. |
 |
| Brandenburger Tor: Akkurat rett mengde port og oss! |
 |
| Nesten-Merkel-pose (med forvirra russarar i bakgrunnen). |
 |
| Dagens aparte: Ein kjempe-rumpesprekk. Godt me allereie hadde ete. |
Elles kan me melda at Ida har fått tak i ein
handbeglittert adventskalender (utan sjokolade), og me har slått fast at tyskarar er noldusar på humorfronten. Me har sett verdas største rumpesprekk (sjå illustrasjon ovanfor), spelt inn musikkvideo og sutla øl og margaritas, som, når sant skal seiast, smakar mykje betre enn portvin. På neste synfaring vil me nok likevel freista å få tak i noko portvin. Kven veit kvar ferda går neste gong?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar