Ein fager vårdag i april var det omsider duka for ei ekte portvinssynfaring, vel å merka utan vin. (Han tok me etterpå, i fylgje med kvart vårt stykke fyrstekake. Meir om det sidan.) Det var to år sidan siste ordinære synfaring, så dette var me spente på. Kom me til å finna portar, etter så lang tid utan øving? Har dei i det heile teke portar i Salhus? Me la i veg med godt mot.
 |
| Hu hei, kor det går! Ida er klar for synfaring. |
 |
| Tunge bakkar i Salhus. Framleis ingen port å sjå. |
 |
| Den fyrste port me syna fekk, den hadde gjerde og ikkje hekk. |
 |
Ein heller keisam port, men spanande hagepynt i bakgrunnen.
Klikk på biletet for større versjon. |
 |
Ane dramatiserer porten sitt estetiske uttrykk, eller rettare sagt,
portalen sitt estetiske uttrykk. Terminologien er på plass! |
 |
Etter mykje bal med biletutsnitt og handplassering, fekk me teke dette biletet
av Nordhordlandsbrua, eller som me likar å seie: ein falsk port for båtar. |
 |
Ida latar som ho ser på busstidene for å ikkje vekkja unødig merksemd i nabolaget.
Spenstig gjerdematerialevariasjon. |
 |
Det står ein friar uti garden der det er mindre variasjon i gjerdemateriale.
Hagen er rotete, og representativ for stroket. På tide å rydda, Salhus sentrum. |
 |
| Ein nærast usynleg port i froskeperspektiv. |
 |
| Vegen var privat, så Ane torde ikkje gå heilt fram til porten. |
 |
Her skjer det mykje, men det er ein mest utilgjengeleg port der nede, mellom
dei pjuskete trea. Interessant og frittståande terassekonstruksjon ytst til venstre. |
 |
| Freidig posering framfor halvopen port (med alarm-åtvaring på gjerdet). |
 |
| Endå freidigare posering. Kva gjer ein ikkje for eit godt bilete? |
 |
Me vel å kalla dette ein port, og det er sjølvaste byporten til Salhus om ein kjem sjøvegen.
Det er det ingen som gjer lenger, men bommen er like velhalden som han var i 50-åra. |
 |
| Det skyar til føre ein fager smijarnsport ved Salhus kai. |
 |
| Ane poserer som ein femåring attmed ein klassisk kvit port i eit harmonisk nabolag. |
 |
Her er det mykje å ta inn: smalt gult hus, matchande blomar og joggesko,
nivådelt grusveg og ein litt keisam metallport - ikkje smijarn, i alle fall. |
 |
Då me kom på at me hadde gløymt å dramatisera portane sitt estetiske
uttrykk, gjorde Ane eit halvhjarta forsøk. Merk hønene på portstolpane. |
 |
| Ein barnleg port, til ein leikeplass me kjem attende til i aparte-innlegget frå turen. |
 |
| Ida dramatiserer porten sitt estetiske uttrykk. |
 |
Mykje bra nynorskbruk ved Kveldheim gjorde at denne kom
med, trass i at han ikkje er ein ekte port - berre ein portal. |
 |
| Port med eiga bru. Spanande kameraføring! |
 |
| Høgtidssamt med bakgrunnsflagg og ein ganske luftig port. |
 |
Ane veivar med armane framfor porten til nokon ho kjenner
såvidt (men som ho håpte ikkje skulle koma ut nett då). |
 |
Ida peiker så godt ho kan mot ein liten port der oppe.
Vindmøller i hagen er ein trend her i nabolaget. |
 |
Vel heime med fiin gammel portviin! Me hugsa ikkje heilt korleis
det smakte, men frykta det verste. |
 |
| Det var ikkje så ille som det ser ut her. |
 |
Det høver kanskje best å drikka portvin i
bestefarsstol med heimesydd kattepute. |
Me var overraska over mengda portar i Salhus, men kanskje ikkje over nivået. Her var det mykje å henta når det gjeld utforming og materialval, samt tilpassing til omgjevnadene. Mange hadde skjemt ut gode portar med å ha uhøveleg stygge hagar bakom. Me gler oss til neste tur, kven veit kvar portvinsferda går.