Som alltid fann me mykje som ikkje hadde så mykje med portar å gjera, men likevel kunne gjera seg på bilete.
Det er tid for aparte frå Salhus.
 |
Salhus har EI levande verksemd, cateringfirmaet Lekkerbisken.
Dei har okkupert dei fleste gode parkeringane i sentrum. |
 |
Salhus har fleire leikeplassar. Her er den moderne, han
har to apparat + sandkasse. Me prøvde apparata. |
 |
Ida tittar fram frå eit spanande leikehus. Kanskje endå
meir spanande om du er lægre enn ein meter. |
 |
| "Skrik" i arbeidarstroket, over eit friskt bekkefar. |
 |
| Ein skinnsofa står ute på verandaen til spott og spe. |
 |
| Godt med eit handtak for dei gamle! Dette var tilrettelagt for dei mest krokrygga. |
 |
Nokon har låst att dette røyret med hengelås,
så det løyner nok noko viktig. |
 |
På leikeplassen i arbeidarstroket hadde dei berre
metallstenger å by på, men gleda var likevel stor! |
 |
| Lett jogg ved bekken. I bakgrunnen er Salhus trikotasjefabrikk, med fin skorstein. |
 |
Konfirmasjonsbilete i ein bassenggrøn hus- og trappekonstruksjon.
Merk den dekorative svana i bakgrunnen.
Hagedekor kan dei, salhusstrilane! |
 |
Det mest spanande huset i Salhus, er denne levninga frå 50-60-talet.
Me anar ikkje kva det kan ha vore, kanskje ein særs alternativ blomebutikk. |
 |
Det er eit vindauge inne i vindauget, dekka med 70-talsstoff.
I karmen ligg det falma, falske blomar. |
 |
| Ida dokumenterer og er noko skeptisk. |
 |
Dekorativ grus og ein styrta plastblom låg framføre døra.
(Her har Ida lyft opp blomen, for ho syntest synd på han). |
 |
Kombinasjonen grøn + raud på hus, fylgjer oss vidare til dette huset.
Dei har også kanon, fyrtårn, englar, vindmøller og ein falsk dekorbrunn i hagen. |
 |
| Freistnad på å fotografera vindmølla. Forvirrande frittståande hekk kan også skimtast. |
 |
| Avslutningsvis snakka me litt med katten. Han er varast i garden. |
2 kommentarer:
For eit hjarteleg attersyn med bloggen og portjaktarANE!Mine favorittar vart leikeplassen i arbeidarstroket:det gleder eit førskulelærarhjarte når så mykje er overlete til fantasi og eige initiativ!Vart og begeistra for terrassar hengjande i lause lukta.Syns Salhus hadde mange portar,og undrast om det går an å rekna ut prosentvis portdel i bygder og byar der de ferdast?Ei oppgåve for ei(n) nerd!!Anonym mor
Tusen takk for kommentar, kjære anonyme mor! Port-tettleiken i Salhus må kunne seiast å vere særs høg, kanskje til og med på nivå med Fløen og Haukeland. Dette burde vi undersøkje, Ida! :-)
Legg inn en kommentar