Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

søndag 26. april 2015

◊ Aparte: Høgt og lågt i Salhus

Som alltid fann me mykje som ikkje hadde så mykje med portar å gjera, men likevel kunne gjera seg på bilete. Det er tid for aparte frå Salhus.

Salhus har EI levande verksemd, cateringfirmaet Lekkerbisken.
Dei har okkupert dei fleste gode parkeringane i sentrum. 
Salhus har fleire leikeplassar. Her er den moderne, han
har to apparat + sandkasse. Me prøvde apparata. 
Ida tittar fram frå eit spanande leikehus. Kanskje endå
meir spanande om du er lægre enn ein meter. 
"Skrik" i arbeidarstroket, over eit friskt bekkefar.
Ein skinnsofa står ute på verandaen til spott og spe.  
Godt med eit handtak for dei gamle! Dette var tilrettelagt for dei mest krokrygga.
Nokon har låst att dette røyret med hengelås,
så det løyner nok noko viktig.
På leikeplassen i arbeidarstroket hadde dei berre
 metallstenger å by på, men gleda var likevel stor!
Lett jogg ved bekken. I bakgrunnen er Salhus trikotasjefabrikk, med fin skorstein.  
Konfirmasjonsbilete i ein bassenggrøn hus- og trappekonstruksjon.
 Merk den dekorative svana i bakgrunnen.
Hagedekor kan dei, salhusstrilane!
Det mest spanande huset i Salhus, er denne levninga frå 50-60-talet.
Me anar ikkje kva det kan ha vore, kanskje ein særs alternativ blomebutikk.  
Det er eit vindauge inne i vindauget, dekka med 70-talsstoff.
I karmen ligg det falma, falske blomar.
Ida dokumenterer og er noko skeptisk. 
Dekorativ grus og ein styrta plastblom låg framføre døra.
(Her har Ida lyft opp blomen, for ho syntest synd på han).
Kombinasjonen grøn + raud på hus, fylgjer oss vidare til dette huset.
Dei har også kanon, fyrtårn, englar, vindmøller og ein falsk dekorbrunn i hagen. 
Freistnad på å fotografera vindmølla. Forvirrande frittståande hekk kan også skimtast.  
Avslutningsvis snakka me litt med katten. Han er varast i garden.

2 kommentarer:

Anonym sa...

For eit hjarteleg attersyn med bloggen og portjaktarANE!Mine favorittar vart leikeplassen i arbeidarstroket:det gleder eit førskulelærarhjarte når så mykje er overlete til fantasi og eige initiativ!Vart og begeistra for terrassar hengjande i lause lukta.Syns Salhus hadde mange portar,og undrast om det går an å rekna ut prosentvis portdel i bygder og byar der de ferdast?Ei oppgåve for ei(n) nerd!!Anonym mor

Ane sa...

Tusen takk for kommentar, kjære anonyme mor! Port-tettleiken i Salhus må kunne seiast å vere særs høg, kanskje til og med på nivå med Fløen og Haukeland. Dette burde vi undersøkje, Ida! :-)