Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

søndag 19. mars 2017

● Førjulstreff i hovudstaden

Den eine halvdelen av Foreininga Portvin har sidan sist bloggpost busett seg i hovudstaden. Like før jul kom den andre halvdelen på vitjing frå Bergen, og då vart det kafébesøk, vandring på hålkeføre og dessutan eitt nytt bilete til vår veksande samling av portar. Nedanfor ser de oss som freistar å dramatisere inngangsporten til De gamle gjær- og spritfabrikker på Bjølsen. Kan de sjå kven av oss som er gjær, og kven som er sprit?

I porten til De norske gjær- og spritfabrikker på Bjølsen.

Til sommaren flyttar Ane til Jordan, så då kjem det nok etter kvart både korrespondentportar og synfaringar dersom Ida vil kome på besøk. På attersyn!