Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

tirsdag 7. oktober 2008

● Portnytt!

Bergens Tidende melder i dag at politiet har funne tre smijarnsportar som vart stjelt i mars/fjor (her er ikkje avisa heilt stø). Godt å vita at oppegåande politi fylgjer opp slike saker - for i Bergen vert folk fråstjelt portane sine rett som det er, les berre:

(Det fylgjande, i utheva skrift, er direkte sitert frå artikkelen i BT, berre kledd i provisorisk nynorsk språkdrakt)

- På ettersommaren forsvann halvparten av den fine, gamle smijarnsporten frå Musikkpaviljongen i Byparken.
- I september fordufta tre 100 år gamle smijarnshageportar frå Parkvegen.
- Frå Salhus vert det rapportert om to store smijarnsportar som er sakna frå kyrkjegarden - berre søyler og beslag står att.

Avisa spør seg kva det neste vert, men meiner samstundes at det er ljos i smijarnsmyrkret etter at politiet vart tipsa om tre smijarnsportar som einkvan hadde slengt frå seg i naturen ved Svartediket. (Enno ei utfordring for naturen ikring Svartediket der altså. Denne naturen har jo tidlegare hatt mykje bal med frittgåande smale.) Skal tru kva desse portane har vorte utsette for i tida mellom tjuveriet og slengjinga i naturen. Kva i alle dagar var motivet for ei slik ugjerning!? Har ein slumpa til å ta med seg tre smijarnsportar heim frå by'n ein tidleg morgon sit ein truleg ikkje med ei trong til å ruga på dei i månadsvis før ein dreg dei med seg ut i skogen. (Der ein slengjer dei, smijarnsportane!) Og er det ei aldeles medviten handling ("Nå skal eg jaggu ta med meg en to-tre portar eg kan leggje ut i skogen til hausten") så manglar eg ord. Ei uskilderleg handling, for å nytta eit sjølvlaga omgrep.

Eg lyt sjølvsagt ta høgd for at portane har vore i skogen sidan dei vart stjelt, det er ikkje snakk om lange turen frå Kalvedalsvegen til Svartediket. men motivet for handlinga er eg framleis særs nyfiken på. Eg skulle gjerne ha lagt inn ei lenkje til artikkelen, men fann den ikkje på nettavisa, så de får klara dykk med nokre bilete. Merk bilannonsa under - her har me iallefall identifisert bilen som vart nytta i samband med brotsverket!

Portane vart truleg frakta til skogs med ein Peugeot:

Ingen kommentarer: