Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

tirsdag 2. oktober 2007

Ф Syden-spesial: Hengande hagar

Og fyrste utanlandske port! - frå vår stadig veksande skare av engasjerte bidragsytarar har me motteke ein streng port frå sjølvaste Syden, der sumaren endå driv på med sitt. Merk vakt til høgre og hengande hagar av bogainvilla - ja, Ida var òg litt usikker her, men etter litt knepping på nettet synte det seg å vera namnet på blomane.

Ingen kommentarer: