Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

torsdag 15. november 2007

◊ Aparte: Skabbekatten

Den lokale kjetta frå august - sist sett den lagnadssvangre (eit ord som kanskje finst) dagen kameraet tok kvelden - gjer ein kort visitt. Med litt godvilje kan ein skimta ein port i første biletet, rett inn til høgre for treet heilt til venstre i biletet. Porten er attpåtil open. Skulle det vera tvil, kan ein oppsøkja staden på eige initiativ, det dreier seg om nabohuset til Helios, ovanføre SV-fakultetet. Bileta er fanga med kameraet på ein Nokia 3200. (Hah!)

Biletfager kjette på straumboks. Pinnen som ligg på boksen er truleg kjetta sin eigen.

Her fòr visst pinnen.

Men me lét ikkje det øydeleggja den gode stemninga. Vert ein fyrst fotografert so er det om å gjera å syna sine beste sider.

2 kommentarer:

HeiaVincent sa...

Denne katten ruler. Den var mindre før, altså, på den tiden jeg bodde ved Fredrik Metlzersgate. Da lusket den gjerne rundt etter hemmeligheter og rotter. Det ble mest rotter.

Unknown sa...

hah! = sånn som Marit seier det?
Søt katt. ;P