Her poserer Ane framføre ein arabisk skuleport. Ingen portvin i handa, riktignok, og ingen druejuice heller... Offentleg inntak av drykk, anten han inneheld alkohol eller berre ser ut som han kan innehalde alkohol, er nok ikkje noko ein bør forsøke seg på i Egypt. I alle fall ikkje på ein fredag føremiddag, medan bønneropa gjallar ifrå alle kantar av byen. Her er ein liten port ved sidan av vårt lokale apotek:
Og her er ein grøn port omkransa av arabisk tagging (det står Allahu Akbar, ja), samt bogainvilla (jf. tidlegare innlegg, "Syden-spesial"): 
Midtausten byr altså ikkje berre på olje og konfliktar og tull. Her er portar òg!
1 kommentar:
Åååh, så flott Ida! No vart eg så varm om hjarta! :) Formateringa på bloggen vår er forjævlig, og eg skjønar ikkje kvifor. Særs irriterande. Men eg er glad i deg! <3
Legg inn en kommentar