Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

fredag 28. november 2008

Ф Buss-spesial: Portar i fart

I travle tider (eller haustar, om ei slik fleirtalsform er råd) er det gildt med kjendfolk utstyrte med mobilkamera og engasjement for portane sitt ve og vel. Her er nokre bilete frå ei bussferd, som - skal ein døma etter omgjevnadane, og det kan jo vera eit fruktbart utgangspunkt - truleg gjekk til eller frå lærarhøgskulen på Landås, evt. berre til Haukeland. Bileta er ikkje strengt kronologisk attgjeve i innlegget, men skulle likevel vera i greitt samsvar med Tide sine kreativitetar i samband med bybaneutbyggjinga.

Ein ful, stor og open port med uleseleg* informasjon på Årstad. (*Frå bussen.)

Ein noko eldre og særs fotogen port, sjølv i fart. Merk det påfallande gode samspelet mellom port, busk og brannhydrant. Samt det trasige gjerdet som får den velbrukte porten til å stråla av ny ungdom. Her er ingenting tilfeldig!

Endå ein av Årstad sine mindre estetiske portar. Her i klassisk idrottsplassutforming, den puslete halvbroren til fengselsportane.

Litt port, litt fotograf, og er det enden på gjerdet frå bilete 2 me ser? Her framhevar porten seg ved hjelp av det senka fortauet framføre, samt det meir eller mindre tilfeldige fargebytet frå grøn (gjerdet) til rustbrun (porten).

Ein helst fornem port i liding bak eit merksemdstelande betonggjerde.

Bonus: Ein aldeles overveldande mangel på port. Ein beint fram ubrukeleg uteplass med mykje potensiale, om ein fyrst kjem seg inn.

1 kommentar:

Torill Jørgensen Frøise sa...

eg undrar på om eg må ta ei runde på askøy og sjå kva type portar dei har her. er det av interesse?