| Ein rasande flott og staseleg trippelport i Beirut! |
| Frittståande port funnen utanføre Ummayade-moskeen i Damaskus. |
Eg vil også gjerne dele litt aparte med dykk. Nærmare bestemt jule-aparte! Nedanfor ser de eitt av dei mange juletrea som dei russiske styresmaktene har sett opp den siste tida! Det lysegule til høgre er forresten ein port som er så stor at det kanskje ikkje eigentleg er ein port.
Russarane er i grunn meir opptekne av nyttår enn av jul. Det er på nyttårsaftan dei gir kvarandre gåver, og dei har ikkje ferie før 31. desember heller. Dei har ingen julenisse, berre ein figur som liknar veldig. Han heiter Bestefar Frost og har lyseblå kappe. Han har eit barnebarn som hjelper han. Ho heiter Snegurotsjka. Her ser de bestefaren og eit reinsdyr i eit slags sjørøvarskip, saman med eit juletre som også er ei vindmølle:
Båe medlemer av Foreininga Portvin poserer frekt framføre smijarnet, den eine med egyptiske handrørsler, den andre som freidig skotsk skulejente.
Du går fram til mi inste grind, og eg går òg fram til di.


Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.


Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som gjaldt oss to.

Anten vi møttes tidt eller sjeldan,
var møtet tillit og ro.



- Halldis Moren Vesaas -
Merk innslag av gardintrapp nedst i siste bilete. Bruk av sjølvutløysar var heilt avgjerande for denne biletserien.
Her poserer Ane framføre ein arabisk skuleport. Ingen portvin i handa, riktignok, og ingen druejuice heller... Offentleg inntak av drykk, anten han inneheld alkohol eller berre ser ut som han kan innehalde alkohol, er nok ikkje noko ein bør forsøke seg på i Egypt. I alle fall ikkje på ein fredag føremiddag, medan bønneropa gjallar ifrå alle kantar av byen. Her er ein liten port ved sidan av vårt lokale apotek:
Og her er ein grøn port omkransa av arabisk tagging (det står Allahu Akbar, ja), samt bogainvilla (jf. tidlegare innlegg, "Syden-spesial"): 
Så høg at Ida ikkje greidde å få med heile utan trø ned frå fortauet. Og ein risikerer ikkje livet heller, må vite. (Jaudå, me har vore ute på trafikkert veg før.) Om ein ser vekk frå dagsljoset nedanfor: Ein port Edgar Allan Poe heilt sikkert kunne ha skrive langt og fælt om.