** Eigenkomponert nynorskvariant av "imidlertid"!
Foreininga Portvin
søndag 21. mars 2010
≡ 20. mars: Synfaring i Volda
Nokre vårdagar i mars, då snjoen såvidt hadde byrja å smelte vekk, og medan det framleis var trygt å køyra frå Bergen til Sunnmøre, var det endeleg tid for attersyn i Volda! Foreininga sine medlemer* har vore skilde frå kvarandre om lag sidan krigen slutta. Kva for ein krig vil me ikkje gå inn på.
Ida poserer litt skummelt under Edgar Allan Poe-trea som grafsar så freidig etter kyrkja. Me likte henne godt, ei salig røre av geometriske former. (Merk særskilt samspelet mellom firkanta tårn og rund ende. På kyrkja altså.) Nedi gata fann me ein halvport. Kvar er resten, skal tru? Ane famlar i uvisse.
Jau, bakom avtredet (= doen, dassen, toalettet, wc-et, dritaren) var resten! (Aldri pubertal humor på portvinsferd, aldri!)
I Snippa fann me ein port av det frittståande slaget. Merk det nærast forsvinnande gjerdet nede til venstre, resirkulering, og den kjekke posituren med sekkjen på herdi (= aksla, skuldra).
Så drog me til skogs - det ryktest at der var fine smalagrinder, og den leiken, den ville me sjå! På tur rundt Rotevatnet leita me etter innsjøen si namnesyster Audhild Gregoriusdotter, utan hell. Me ropa og bar oss og skjemde oss ut for andre turgjengarar. Då var smalagrindene lettare å finna. Nedanføre ser me ei nedsnødd grind. Merk bondsk og uvanleg beinstilling!
Nok ein nedsnødd port, og endå ei uvanleg beinstilling oppe på stolpen! dette tok tid og kunne lett gått gale.
Gale gjekk det imedels** ikkje før Ane feilrekna djupna bakom grinda og med eitt vart ståande med snjo til rett oppunder trusa. Brått og uventa! Her fanga i hendingsaugneblinken:
Etter ein slik opplevingsrik tur var det godt å koma seg i (andre sitt) hus og lunka seg på portvin. Fiin gammel sjølvsagt, her saman med mindre attraktiv medlem i foreininga.
Diverre hadde båe to brukt opp si fotogene kvote denne dagen. Me rundar av med eit fint bilete av vinflaska. Til opplysning: portvin til venstre, eit insekt i midten, jerv inn frå høgre!
* Kan det òg heita "medlem" utan ending i ubestemt form fleirtal? Diskusjonen innad i foreininga ville ingen ende ta, endå ordbøker vart konsultert!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
anonym mor set stor pris på atter å sjå eit livsteikn på denne sida!
Imponert over mangfaldet i Volda:Blånisse,kyrkjeport og avtrede i kombinasjon med "Fiin gammel" - det er rause og inkluderande jenter,det!
Legg inn en kommentar