Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

tirsdag 6. april 2010

● Atter eit attersyn i Bergen!

Onsdag 24. mars baud det seg eit høve til ein aldri så liten photo session ved denne tidlegare omtalte Edgar Allan Poe-porten på Nygårdshøyden i Bergen!

Båe medlemer av Foreininga Portvin poserer frekt framføre smijarnet, den eine med egyptiske handrørsler, den andre som freidig skotsk skulejente.

Det er uvisst kvar portvinsferda vil ta oss neste gong. Kanskje vert det utanriksstoff frå Russland i neste blogginnlegg?

1 kommentar:

Unknown sa...

Eg lurer framleis på kvar hundeporten/gjesteinnlegget mitt er blitt av..