Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

mandag 6. august 2007

● The day the camera died

Stor var sorga, då portvinsturen me hadde gledd oss til i vekesvis vart avlyst grunna eit fotoapparat med skrale samarbeidsevner. Me rakk å dokumentera frukost og avreise, før kameraet tok kvelden.

No ports today, my love has gone away, the bottle stands for love, a symbol of the dawn. No wine today, it wasn't always so, the company was gay, we'd turn night into day.

- Fritt etter Herman's Hermits.

"Brettet ser ut som om det tilhøyrer eit gamalt ektepar som etter femti år framleis ikkje kan einast om kva for rundstykkesort dei skal velja."

Frukoststemning. Merk finvêret.

Ida spurde etter "juicen". Ane kom dragande med "ljusen"....
MEN EG TRUDDE EIN AUGNEBLINK DU VAR SVENSK!

Breibeint matador i bakken.

Modell: Ane. Kjole: 124,50 på Cubus. Solbriller: Stylisten sine eigne.

Ida med lokal skabbekatt og snev av bergensk attvinning.

1 kommentar:

Unknown sa...

ok. Ida, sånn KJEM faktisk våre sundagar til å bli. Med rundstykkene. Kva rundstykke valde du?
Forøvrig lo eg av lys/jus, og tykkte kattebiletet var heeeilt nydeleg. så det så.

jada, ane. du e fin du òg.