Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.
onsdag 1. august 2007
◊ Aparte: Ane sine staute mannfolk
Ane er tom for portvin, og freistar fånyttes å verta påspandert ein tår eller to av nokre staute karar i Bergen sentrum.
Høgt heng dei....
...og kalde og harde er dei.
Ikkje noko å utsetja på leggmuskulaturen til denne karen!
Ein desperat groupie prøver å snika seg innpå Bjørnstjerne Bjørnson.
1 kommentar:
altså...bilete nr 3. eg kan faktisk ikkje skjøna at dette ER deg ei gong, ane. herregud, kor morosame me er!
~ portia winehouse
Legg inn en kommentar