Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

mandag 6. august 2007

● Falskportneri

Ein ekte port krevjer ei grind som ein kan opna. Ida poserer/dramatiserer her framføre eit hol i ein mur - etter Portvin sine standardar ein falsk port.

Viktig å ikkje ta gjerdet i bakgrunnen for å vere ei grind!

Ingen kommentarer: