Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

søndag 17. februar 2008

≡ 12. februar: Synfaring i Kalfaret

Det er atter duka for portvinsferd, denne gong til heller ukjende trakter (noko som jau òg er føremålet) i og omkring parken som ber byen sitt eklaste namn - "Forskjønnelsen".

Og det bêr i veg og i tovegskøyrd gate. Tjohei, eit uvanleg syn i Bergen!

Optimistisk stemning i fyrste port.

Ripssaft i retur framføre ein port av det keisame slaget.

Porten var open. Ane lukkar.

Ripssaft framføre fager port...

...vart ripssaft i retur II.

Kjip port fanga med twilightfunksjon. Festlegare bil i bakgrunnen.

Byporten med stor B. Sjå elles tidlegare innlegg for å samanlikne med den andre byporten, den med liten B. (Nordnesferda!)

Quasimodo på portstolpe. Han likar ripssaft.

Og plutseli' b'ynte nissa å kildesorteræ!! Gollis* likar ripssaft.

*For å forstå denne internvitsen må du truleg ha sett den digre plastnissen Gollis i programmet "Norsk attraksjon" på NRK. På TV byrja nissen å "pendlæ".

"Josefin litar inte på honom längre. Gong på gong har han låtit henne vänta i porten. Med endast ett litet glas saft till sälskap. Och aldri kommer han någonsin. Men i dag tänker han komma. Och han tänker mörda henne!"

"Sen kom hon till himmelporten. Men sitt avfall fick hon lämna kvar i återvinningscontainern i Vintergatan."

"Hon tittade ut över sitt nya hemstelle. Särskild tyckte hon om porten."

JEJ! Fram dansar ein haugkall, fager og blå!

Dramatisering av porten sitt kvadratiske uttrykk.

"Det stod et lite barn i et portrom, - en liten blåfrossen gutt ... Han så på et par bikkjer, som sloss midt ute i gaten, så det sure, rimfrosne støv røk om dem." (Frå "Jenny" av Sigrid Undset.)

Den blåfrosne guten er no jaga vekk av den ukjende dottera til Agatha Christie. "I denne porten var det mor mi forfatta sitt fyrste drap," fortel ho.

Nr. 12 slit med utelampene, men portrommet var fint.

Eit omfangsrikt inngangsparti. Alt for mange inntrykk her. Uskilderleg!

torsdag 14. februar 2008

◊ Aparte: Twilight Zone i Brattlien

Bileta der portane ikkje lenger er i fokus, det vil seie; bilete der portane oftast ikkje er med i det heile teke.

Under denne portvinsferda synte februarhimmelen seg å vera særs fager i skyminga, og vi såg vårt snitt til å prøve ut twilight-funksjonen på kameraet til Ane. Dette gav meirsmak og resulterte i nesten pinleg mange bilete av Foreininga Portvin utan portar. Men vi er jo så fine!

Ida ringjer rikstelefon. Stygg påle i bakgrunn.

"Nei, eg vil ikkje ta på meg kostnadene for ei noteringsoverføring!"

IDA - In the Twilight Zone.

Vakre Bergen, vakre Ida. Utsikt mot Danmarksplass og Minde.

Sjølv om portane er fråverande på desse bileta skal det til foreininga sitt forsvar nemnast at vinen i alle fall er representert! Nesten...

...me var nemleg litt usikre på kor langt safta me brukte (rips & solbær) var komen i gjæringsprosessen sin.

Etter alt sannsyn hadde safta opparbeidd seg ein viss prosent!

ANE - In the Twilight Zone.

Ane er ikkje limt på bakgrunnen i Photo Shop eller Paint...

...det ser berre slik ut! Skål mot himmelen!

Dette er tryggare enn det kan sjå ut som. Temmeleg edrue var me óg.

Relativt vellukka forsøk på "filmplakat-look".

Sutling bakom husvegg. Snedig ansiktsmimikk.

Eksperimentering med lang lukkartid. Ane spring i trapp.

Relativt mislukka forsøk på eit bilete med rørsle, men likevel fint!

Her derimot, er det rørsle så det held! Bra jobba, Ida!

Og til slutt: Ida i trapp! Med tidlegare ukjend funksjon på digitalkameraet.

søndag 3. februar 2008

● Fire årstider - "Del 1: Vinter"

Porten heima på Voss med hekk og særs mykje snjo. Grinda er sett inn for vinteren, men er venta å koma attende på plass til våren.

● Korrekturport

Under ei vilkårleg ferd på Nordnes - ein bydel som verkeleg har lagt seg i selen for å freista oss med den eine freske porten etter den andre - kom Ida over dette gilde tilfellet av tvilsam grammatikk i praksis, på ein vegg som som svik innhaldet på skiltet så det syng etter (evt; så det flassar av), og ikkje mindre enn to portar - portalar faktisk - med stort potensiale. Her skal jo sannsynlegvis veksa eitkvart oppå når det tek til å livna i lundar om ikkje så lenge. (Snjoen på bileta er ekte.)

Dobbelport i praksis og snjo i Bergen.

"Maling utsalg" og doble portar (jau, båe er med, berre sjå ute i høgrekanten av biletet) i snjoen. Kanskje skal veggen tena til skrekk og åtvaring?

Sparepengane gjekk visst med til portvedlikehald, noko som er aldeles greitt; sjå berre, det verka, portane er på verdsveven!

mandag 31. desember 2007

● From all of us to all of you

Kanskje er du av dei heldige utvalde som har fått dette nydelege, spesiallaga julekortet med personleg helsing frå Foreininga portvin? Eller kanskje ikkje? I alle tilfelle vil me ønskje vener, uvener, tanter, onklar, resterande slektningar, fans, tidlegare lærarar og naboar ei fortsatt fin høgtid og alt godt for det nye året! Året 2008 byr på nye portvinsferder, følg med!

PS. Det finst framleis nokre få kopiar att av Foreininga Portvin sitt spesiallaga julekort. Om du ikkje allereie har fått, og har veldig lyst på, kan du skrive eit brev til oss med ei grunngjeving for kvifor akkurat DU fortener eit slikt rett ut sagt fagert kort.

søndag 30. desember 2007

● Soga om jolakortfotograferinga

Her kjem ho, soga om eit jolakort!

Del I: Dei bileta som lét seg arkiverast for web frå ei sannsynlegvis frostskada datamaskin på Voss.

Ein ettermiddag i desember, (trur me det var, iallefall tett nok opptil jol at målet med prosjektet - eit gjævt jolakort frå foreininga - neppe kom til å liggja i postkassene før klokkene skulle ringja jola inn, me satsa på melsdagskort), tok me lett jolasminke, med dårleg tid, lånt kamera med svakt batteri, prikkete paraplyar, druejuice, og - for høvet - innleigd og uløna fotograf, turen opp i Nygårdsparken for å knipsa eit jolablinkskot me kunne senda til bidragsytarar, vener og kjende.

Lett dansing og plasking i dam: Me hadde ikkje lange tida, so den fyrste porten me syna fekk, laut duga! Me takkar vestre nygårdsparkport så varmt for innsatsen! I høve paraplybruken og støvlane kan innvendast at det var opplett då bileta vart tekne.

Druejuicen skal òg ha for å ha delteke. Om kameraet tek kvelden og dreg utanlands aldri så ofte - druejuicen svik oss aldri! Trur elles om dette biletet at det kan vera eit forsøk på å dramatisera porten sitt estetiske uttrykk...

...eller er det kan henda her me freistar å gjere dette? Fiin gammel port. Med lett knekk i stolpen, kanskje ein freistnad på å gli inn i sitt naturlege miljø?

Ja, ein kan mest få lyst å dra ein parallell til Anne Kat. Hærland sitt show "Tatt av vinen", men det gjer me ikkje. Dette er det einaste biletet som syner at det her er snakk om ein dobbel-port. To portar på same stolpe, attpå!

Litt port, mykje Ane og Ida. Nesten eit jolakort. Tapte i innspurten.

Her kjem Ane sine lånte fjør, pelslua hans Christer, med jolasløyfe, til sin rett. Men den er òg det einaste fotogene på biletet. Eit særs uaktuelt jolakortbilete.

Me takkar:

John - for utlån av kamera.

Isabel - for bruk av nemnde kamera.

Christer - for å ha bidrege med rekvisittar utan sjølv å vite om det.

Mana drue-/blåbærjuice - vår redning når polet er stengt.

Oss sjølve, Foreininga Portvin - for eigen innsats og ymse sprell.

fredag 28. desember 2007

Ф Familieportar i ferietider

Jamvel Foreininga Portvin såg seg nøydd til å ta juleferie etter den travle hausten. Det tok likevel ikkje meir enn julekvelden og fyrste, andre og tredje juledag før trongen til portane vart for stor. Her måtte det bloggast, og det litt kvikt! Det var heller ikkje naudsynt å gå særleg langt for å finne eigna portar, då både far og farmor til Ane har flotte portar inn til eigedomane sine. I mangel på portvin, og faktisk i mangel på drue- og blåbærjuice òg, vart appelsinjuice redninga. Sjå kor gult og gildt det lyser ifrå glaset, det er til å få vårstemning av! Og til våren vert det endeleg fleire portar ifrå Bergen, no som båe medlemer av Foreininga Portvin har fått nye kamera i julegåve! Hurra!

Farmor sin port. Syster til Ane har teke bileta.

Far sin port. Skal tru om han far er heime? Tildekkinga av fargen på drykken i glaset er ikkje tiltenkt.

mandag 10. desember 2007

● Portvinsgløgg

Ein impulsiv kveld i slutten av november fann me ut at det var på høg tid å setja til livs restane av portvinen frå i sumar. Ja, for det er faktisk den same flaska. Det var nemleg særs uvisst kva som kunne henda dersom dei 2-3 desilitrane som var att kom lengre i gjæringsprosessen sin. Då me oppdaga ei uopna flaske gløgg i "her kan alle ta det de vil ha"-hylla i Allégata (ja, for gløggen stod der altså, om nokon skulle sakna den!) var saka klår: Me ville finna ut om dette var ei aktuell blanding for den komande advents- og joletida.

Optimistisk før smaking - kan dette duga? På biletet, frå venstre: Retrokjele, Ane med kattekopp og fiin gammel. Spenstig svart-kvit effekt, ettersom bileta atter er tekne med eit mobilkamera av eldre, nærast antikk, årgang.

Og slik såg det ut. Du grøne glitrande portvin goddag. Lite å utsetja på jolastemninga!

Ida smakar. Det var godt. Portvinsgløgg er mykje søtare enn raudvinsgløgg, ein kan nok med fordel nytta litt mindre gløgg enn vanleg. Merk den gilde lykta. Uidentifisert element i sofakroken, men sannsynet er stort for at det er ein hai frå Ikea.

Me poserer med portvinsgløgg.

Endå meir posering med portvinsgløgg og litt jolapynt. På Ane.