Under ei vilkårleg ferd på Nordnes - ein bydel som verkeleg har lagt seg i selen for å freista oss med den eine freske porten etter den andre - kom Ida over dette gilde tilfellet av
tvilsam grammatikk i praksis, på ein vegg som som svik innhaldet på skiltet så det syng etter (evt; så det flassar av), og ikkje mindre enn
to portar - portalar faktisk - med stort potensiale. Her skal jo sannsynlegvis veksa eitkvart oppå når det tek til å livna i lundar om ikkje så lenge. (Snjoen på bileta er ekte.)

Dobbelport i praksis og snjo i Bergen.
"Maling utsalg" og doble portar (jau, båe er med, berre sjå ute i høgrekanten av biletet) i snjoen. Kanskje skal veggen tena til skrekk og åtvaring?
Sparepengane gjekk visst med til portvedlikehald, noko som er aldeles greitt; sjå berre, det verka, portane er på verdsveven!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar