Ein impulsiv kveld i slutten av november fann me ut at det var på høg tid å setja til livs restane av portvinen frå i sumar. Ja, for det er faktisk den same flaska. Det var nemleg særs uvisst kva som kunne henda dersom dei 2-3 desilitrane som var att kom lengre i gjæringsprosessen sin. Då me oppdaga ei uopna flaske gløgg i "her kan alle ta det de vil ha"-hylla i Allégata (ja, for gløggen stod der altså, om nokon skulle sakna den!) var saka klår: Me ville finna ut om dette var ei aktuell blanding for den komande advents- og joletida.
Optimistisk før smaking - kan dette duga? På biletet, frå venstre: Retrokjele, Ane med kattekopp og fiin gammel. Spenstig svart-kvit effekt, ettersom bileta atter er tekne med eit mobilkamera av eldre, nærast antikk, årgang.
Og slik såg det ut. Du grøne glitrande portvin goddag. Lite å utsetja på jolastemninga!
Ida smakar. Det var godt. Portvinsgløgg er mykje søtare enn raudvinsgløgg, ein kan nok med fordel nytta litt mindre gløgg enn vanleg. Merk den gilde lykta. Uidentifisert element i sofakroken, men sannsynet er stort for at det er ein hai frå Ikea.
Me poserer med portvinsgløgg.
Endå meir posering med portvinsgløgg og litt jolapynt. På Ane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar