Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

lørdag 19. januar 2013

≡ Synfaring til Fløen og Haukeland

Ein kald januardag er Foreininga Portvin (Ida og Ane ) brått attende, etter å ha planlagt ny portvinsferd i drygt to år. No var det jaggu på tide. For ein høgtidsdag! Stemninga var til å ta og kjenne på. Endeleg skulle me ut og sjå kva som har rørt seg i Bergen sitt port- og vinmiljø sidan sist! Hurra, hurra, hurra! Åh, kor har me vel lengta og gledd oss! Denne gongen gjekk ferda fyrst til Vinmonopolet på Bystasjonen, der me investerte i Fiin gammel portviin, ein drykk som til opplysing har stige heile 14 kroner i pris sidan me fyrst kjøpte slikt sutlevatn (i 2007). For det høgtidsstemde høvet hadde me også med oss ein i overkant ivrig korrekturlesar - i alle fall no i skrivande stund - som heiter Kristin. Medan ferda stod på var ho imedels* ein særs gåverik utøvar av dramatisering av mangslungne portar sitt estetiske uttrykk.

*Eigekomponert avløysarord til bokmålsordet "imidlertid".

Endeleg på portvinsferd att! For ein dag. Ved den
fyrste port me syna fekk, flagga dei for høvet. Merk
 at også hus og gjerde har kledd seg i flaggfargane.

Naboen har nek både framføre og bak grinda! Ho-ho.

Dei fiine gamle ved Høkeland. Fornemme folk!

Ein kort-port. Relativt lett å koma seg over.
Porten kompenserer for dette med alvorlege skilt.

Porten til Fløen parsellag var så traurig at me laut gapa oss litt
for å gjera biletet meir interessant.

Diskoporten! Minus for lamper, pluss for jazz hands.

Me torde berre toska oss nedst, av omsyn til dei daude.

Kristin dramatiserer porten sitt estetiske uttrykk.

"Eg er ein portal!"
Port med portal og dramatisering av portal.

Autentisk mann som røykjer i ein port.
Eller står han kanskje og mig?
Avleiingsmanøver kan skimtast i framgrunnen. 

Me struttar i ein beint fram romantisk port og låg vintersol.

Fin port, men stort minus for at lampa er påslegen midt på ljose dagen.
Ubjaodle!*

*Uttrykk frå bestefar frå Voss.
Me veit ikkje heilt kva han meinte med det, men det var negativt.

Port med middelhavsstemning.
Ane dramatiserer porten sitt økonomiske uttrykk.
(Ein pengalaus, tiggande grekar.)

Dagens portblinkskot!
Framifrå dramatisering av adjektiva "liten" og "stor",
som kan nyttast om portane like så vel som om dramatikarane.

Tjohei! Her har me gjerde over porten. Frekt!

Ida bak port og slå, på veg ned mot Danmarksplass.

To hus tett i tett. I midten har ein port kilt seg fast.

Kristin freistar å koma seg inn gjennom porten,
medan Ida har oppdaga eit hol i logikken.

Bro bro brille, og så vidare.
Og den som kjem aller sist, må lata att grinda nedst i vegen.

Sidan gjekk me heim og drakk portvin og åt kanelbollar. Og alle var samde om at det hadde vore ein fin tur.

9 kommentarer:

Anonym sa...

Anonym mor er overvelda av utvalet portar og den genuint truverdige dramatiseringa! Lurar på kor mange dagar/timar dette tok,og er glad de var heldige med veret!De bruka vel ull under???Når det gjeld uttrykket ublaodlæ kan eg syna til jolepresangen til 4 born frå mor,som ligg på hylla i heimen.

Anonym sa...

Litt feilskriving ser eg:Ubjaodlæ er rett uttale.

Anenym sa...

Hei Anonym mor! Så kjekt å høyre frå deg. Planlegginga av denne turen tok jo nokre år, medan gjennomføringa strekte seg over nokre timar berre. Portane kom som perler på ei snor, det var mykje å ta av. No vert eg særs spent på tydinga til ordet "ubjaodlæ". Kva er denne gåva på hylla?

Anonym sa...

Gåva er boka:Gunnstein Akselberg:"Ord og uttrykk frå Hordaland".Sitat:(s 237)Ubjaodle.Tydinga er lite fint,upassande,usømleg.Ubjaodle vert nytta om ulike tilhøve som ikkje høver eller sømer seg,m.a. om åtferd.(sitat slutt).Er det andre ord de lurar på er det berre å låna gåva eller koma på besøk.Middag er inkludert.

Anonym Aasen-fan sa...

Haha, Anenym! Den var god.

Eg undrast på om ubjaodle/ubjauodlæ kan vera same ordet som Aasen i ordboka si stavar ubjaaleg (med ubjaadleg som sideform. Det har i alle fall tydinga 'upassande, usømeleg' og - viktigast av alt - merknad om at ordet er funne på Voss. Aasen tenkjer seg at opphavet er verbet bjaa, som tyder 'passa, søma (seg)'. Det er eit dunkelt ord, legg han til. KULT.

Anonym korrekturlesar av eige innlegg sa...

Au då, ubjauodlæ var kanskje vèl mykje diftongering. Ubjaodlæ, då.

Anonym sa...

Anonym mor støttar Aasen-fan i at ubjaodle/-æ er det same som ubjaaleg.Denne forklaringa er og å lesa i Akselberg si bok.
Trur me må innføra bruken av ordet bjaa!

ida sa...

mellom 86-arane er namnet mitt det same som å vera anonym

kor her nerdast! her trivst eg godt, saman med dykk.

Anenym sa...

Ja, guriland, her vart det mykje herleg nerding! Det bjaar seg! :-)