Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

tirsdag 11. august 2009

● Attersyn i Bergen!

Laurdag den 8. august 2009 var fyrste gongen dei to medlemene i Foreininga Portvin trefte kvarandre på om lag åtte månader. Sjølv om attersynet berre varte nokre timar, var det sjølvklart at me jamvel måtte møte ein port eller to! Me møtte ein som me har treft på før, på synfaring i nabolaget på Nygårdshøyden. Og her er den rasande flotte biletserien frå hendinga:

Neste gong vert det truleg synfaring i sunnmørsbygda Volda!

4 kommentarer:

ida sa...

ååh! kor fint! kven skulle tru at desse var tekne med sjølvutløysar og ein myrk kameraskjerm?

Anonym sa...

Lisboanemndi simpelthen elskar denne bloggen!

ida sa...

ane! eg saknar deg!

Ida/Ane sa...

ida! eg saknar deg òg!