Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

torsdag 22. januar 2009

● Tilstandsrapport: Bergen

Ein port observert og fotografert på veg ned frå universitetet:

Så høg at Ida ikkje greidde å få med heile utan trø ned frå fortauet. Og ein risikerer ikkje livet heller, må vite. (Jaudå, me har vore ute på trafikkert veg før.) Om ein ser vekk frå dagsljoset nedanfor: Ein port Edgar Allan Poe heilt sikkert kunne ha skrive langt og fælt om.

Alt på stell: Rusten port, eføy, og ei helst ubrukt trapp. Merknad: Asfalten er ikkje våt! Kven skulle tru?

3 kommentarer:

Anonym sa...

Anonym mor undrast om sida har fengje ny bunad,eller om det er tida som har gått for fort??Fin var ho iallfall!

Anonym sa...

det er ny bunad, ja! det er Ane sitt verk, og flott vart det!

Anonym sa...

Rapport. Haha. Port. Rapport. Haha.