Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

onsdag 10. desember 2008

● Jolabakst

Jolakakene skal snart i boksen. Men kva er det me ser baki ljoset?

Ein peparkakeport! Hesten står utanføre og tenkjer noko stygt.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Frå ei noko jolestressa men reflekterande og eksamensskrivande mor midt i jolestria:" Jammen kan rollene endra seg snøggt,du!"
Elles svært nøgd med oppdraging av dotter når det gjeld bakst.

Anonym sa...

Åh, men Ida! Eg såg ikkje denne bloggposten før no! Staselege bilete!

A

Anonym sa...

Kva er "noko stygt"?
Vil han kanskje hoppa over?
Eller er det styggare enn so?

-kf

Anonym sa...

åh, det er litt internt, og refererar til "hestasongen" som bror min og eg laga. fyrste vers går slik:

sjå hesten står og ser på deg i stallen sin/
han tenkjer sikkert noko stygt/
han tenkjer nok sikkert på å ETA DEG/
d'er best du drep han med ei gong/


så, absolutt styggare enn som so!