Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.
onsdag 10. desember 2008
● Jolabakst
Jolakakene skal snart i boksen. Men kva er det me ser baki ljoset?
Ein peparkakeport! Hesten står utanføre og tenkjer noko stygt.
4 kommentarer:
Anonym
sa...
Frå ei noko jolestressa men reflekterande og eksamensskrivande mor midt i jolestria:" Jammen kan rollene endra seg snøggt,du!" Elles svært nøgd med oppdraging av dotter når det gjeld bakst.
4 kommentarer:
Frå ei noko jolestressa men reflekterande og eksamensskrivande mor midt i jolestria:" Jammen kan rollene endra seg snøggt,du!"
Elles svært nøgd med oppdraging av dotter når det gjeld bakst.
Åh, men Ida! Eg såg ikkje denne bloggposten før no! Staselege bilete!
A
Kva er "noko stygt"?
Vil han kanskje hoppa over?
Eller er det styggare enn so?
-kf
åh, det er litt internt, og refererar til "hestasongen" som bror min og eg laga. fyrste vers går slik:
sjå hesten står og ser på deg i stallen sin/
han tenkjer sikkert noko stygt/
han tenkjer nok sikkert på å ETA DEG/
d'er best du drep han med ei gong/
så, absolutt styggare enn som so!
Legg inn en kommentar