Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

onsdag 17. desember 2008

≡ 8. mars: Synfaring til Årstad

Seint, men godt! Her er endeleg bileta frå sist portvinsferd, som gjekk til områda ovanføre Danmarksplass, på sjølvaste kvinnedagen:

Ane gjer ein litt keisam treport meir spanande ved å skape rørsle i biletet.

Ida framføre ein port av det ekle slaget. Me er ikkje sikre på kva det grøne på grunnmuren er, men det hjelper ikkje på inngangspartiet si framtoning...

Denne porten derimot! Pluss for at porteigaren kjeldesorterer papir!

Dans med paraply framføre ein spanande port! Her er både tre og mur representert! Me likar det!

Ida dramatiserer porten sitt estetiske uttrykk. Det vi seie, blomane oppå porten sitt estetiske uttrykk.

Nok ein staseleg port! Legg merke til at stolpane er like dei til porten i bilete nummer 4!

Merksemda vert her retta mot vrengt paraply, og den fra før litt trauste porten kjem utanføre fokus. Bergen by på sitt beste, dette!

6 kommentarer:

HeiaVincent sa...

Dette er vel strengt tatt Fridalen...

HeiaVincent sa...

...eller Krohnsminde.

Anonym sa...

For ein strålande blogg og for eit strålande opplegg! Det einaste eg lurer på er: Korleis kan det at de drikk ein masse portvin vera eit direkte resultat av pengemangel? Har det ynskt effekt på det finansielle planet? :p

Ida/Ane sa...

godt spørsmål, tritonus! faktum er at me berre har kjøpt 1 einaste flaske portvin på 1 og eit halvt år. vanlegvis går det i druejuice, eller ripssaft, eller kva me no måtte ha i skåpet heime. billeg altså.

heiavincent: pytt sa'n pål!

Anonym sa...

emilio: portvin oppstod jo fordi me ikkje kjende byen, omlag slik: "eg kjenner ikkje denne byen." "ikkje eg heller"
"me går litt rundt då, og ser." "jah!"
og så har me i ettertid prøvd å koma fram til kvar me har vore...takk for hjelp med det forresten!

jostein: (supplerande artifakta, sidan eg òg vil svara) druejuicen synte seg forsåvidt i seinare tid å ikkje likna på portvin i det heile.

ane: kor utruleg fint og fancy du har gjort det her! herregud!

Fire kaffe sa...

Etterhvert som tiden går og studentene kommer i jobb og tjener masse penger, regner jeg med at dere går over til ordentlig portvin. Eller vil det ødelegge tittelen? Portportvin klinger kanskje ikke så bra?