Foreininga Portvin


Foreininga "Portvin" vart skipa i juli 2007, og er eit direkte resultat av pengemangel kombinert med overflod av kreativitet og fritid. Hovudføremålet til "Portvin" er å drikkje vin framføre portar i Bergen, gjerne dramatisere porten sitt uttrykk, og å dokumentere dette med fotografi. Andre tiltak er byvandringar til stader me ikkje heilt veit kva heiter/kvar er, samt å kjempe mot uvitug bruk og skjending av det norske språket. Me går særleg hardt ut mot slik skjending når den er å finne på offentlege stader.

søndag 8. juli 2007

≡ 8. juli: Synfaring til Nordnes

Prega av regn, vin - for høvet drue-/blåbærjuice - og godt humør.

Sutling framføre gul port.

Bosspann, vin, Ane. "Fredag må fjernes tømmedagen." Må fredag fjernes? Kanskje tirsdag òg? Punktum? Kva skjer dersom tømmedagen er ein fredag?

Det var då ei riktig så freidig nonne!

Ein mest usynleg port, vin, Ida.

Port, vin, lyktestolpe. Ane.

Ingen kommentarer: